Dette bandet av Fjell bygdebok handlar om gardar og folk i den nordlege delen av dagens Fjell kommune. Gardane er: Eide, Kårtveit, Pollen, Angeltveit, Landro, Solsvika, Misje, Turøyna, Vindnes, Ågotnes, Spjeld og Fjæreide. I tekst og bilete lèt gards- og slektshistoria oss møta strilar i Fjell som synlege einskildpersonar i ein heil historisk samanheng og over lang tid. Vi får lesa om menneske i kamp for utkomet, det vera seg på jakt med stuttorven etter dei minste grasstrå mellom bergnabbane, eller på jakt etter fisk og sild med garn og snøre, ridande i færingen på kvite bølgjer mellom båar og skjer. Vi møter også menneske i finstas og festhumør. Mang ein lesar vil finna slektningar i dei omfattande slektssogene for kvar av dei 12 gardane. Her kjem ein smakebit frå historia til Misje, fortalt av Olai Kristoffersen (f. 1902): «Mor var av husmannsslekt. Me hadde ikkje meir jord enn det som var på tunet, men me fekk lov til å bruka ein haug med nakne berg sør på øya. Me rodde ut på øyane og samla mold som me bar opp og fylte på berget. Seinare skar me tang. Så sette me poteter, dekte til med tang og la ei tynt lag med mold oppå».
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251407113
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fjell Kommune
Vekt
1956 gr
Høyde
248 mm
Bredde
180 mm
Dybde
41 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
608