Dette bandet av Fjell bygdebok handlar om gardar og folk frå Trengereid i sør til Dyrøyna i nord. I tekst og bilete lèt gards- og slektshistoria oss møta strilar i Fjell som synlege einskildpersonar i ein heil historisk samanheng og over lang tid. Vi får lesa om menneske i kamp for utkomet, det vera seg på jakt med stuttorven etter dei minste grasstrå mellom bergnabbane eller på jakt etter fisk og sild med garn og snøre, ridande i færingen på kvite bølgjer mellom båar og skjer. Vi møter også menneske i finstas og festhumør. Mang ein lesar vil finna slektningar i dei omfattande slektssogene for kvar av dei 20 gardane. Her er ein smakebit frå historia til Løno, lengst vest i havet: «For ein del år sidan vart det funne ei steinøks [...] sør for steingarden som er lagt opp over eidet mellom Lønevågen og Sandkeilo. [...] I steinalderen sto sjøen fleire meter over eidet, som den gongen var eit sund. Det er rimeleg å tru at folk som heldt til lenger inne i landet, ofte fann vegen hit ut på fiske- og veideturar. Kan henda skriv steinøksa seg frå ei slik ferd. Steinaldermannen låg i sundet og bala med eitkvart og brått mista han øksa over ripa. Så ein dag nokre tusen år seinare vart øksa gjenfunnen og levert inn til Bergen Museum, og her ligg ho no.»
Les mer
Boka tek for seg 19 av dei 60 matrikkelgardane i dagens Fjell kommune. Her får du historia om bruk og folk på gardane frå og med gnr. 1, Trengereid og vidare nordover til og med gnr. 19, Dyrøyna. I tekst og bilete let gards- og slektshistoria oss møta strilar i Fjell som synlege einskildpersonar i ein heil historisk samanheng og over lang tid. Vi får lese om menneske i kamp for utkomet, og vi møter menneske i finstas og festhumør. Med personregister, litteraturliste og ordliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241903540
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fjell Kommune
Vekt
2126 gr
Høyde
248 mm
Bredde
180 mm
Dybde
45 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
672