Denne boka er skriven med språket som innsats. Ved inngangen til Språkåret 2013 gir den profilerte språkpolitikaren Ottar Grepstad ut boka for den som ønskjer påliteleg informasjon og nye tenkjemåtar om språk i Noreg. Direktøren ved Nynorsk kultursentrum gir seg ikkje før han har funne dei avgjerande fakta eller dei ukjende historiene. Boka er blitt til over tolv år som årstalar om den språklege tilstanden i Noreg. Dette er både ein journal frå 2000-talet og historiske perspektiv på ei samtid vi trudde vi kjende. I det siste kapitlet samlar forfattaren trådane til ein sterk argumentasjon for nynorsk i det språklege mangfaldet. Draumen om målet er skriven med den overraskande snerten og dei leikande sentensane som er Grepstads litterære vassmerke.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788252177879
Publisert
2012-09-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
732 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
525
Forfatter