Band 1 av Bygdebok for Eid omfattar elleve matrikkelgardar som ligg på nordsida av Eidselva og Hornindalsvatnet i Hjelle krins (Alsåker, Hildenes, Hjelle, Rindane, Reinane, Moen, Leivdalen, Vedvika, Lindvika, Åsstøda og Åsebøen). Frå gammalt av utgjorde desse gardane tradisjonelle landbruksområde, men fram gjennom tida har stadig nye eigedomar blitt utskilde (m.a. bustadtomter i Moskva/Mogrenda og fritidstomter i Fladalen). Såleis inneheld dette bandet informasjon om ei rekkje sjølvstendige bruksnummer og eit betydeleg tal eldre og nyare feste. Bygdebok for Eid handlar om gamle Eid kommune, og intensjonen med boka er å systematisere og formidle historie og busetnadssoge. Vonleg kan ho fungere som utgangspunkt og innfallsport til vidare kunnskap om gardar, bruk og menneske som har budd her. Bygdebok for Eid er rikt illustrert med gamle og nye bilete.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401722
Publisert
2021-11-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Høyde
246 mm
Bredde
175 mm
Dybde
43 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
624
Orginaltittel
Bygdebok for Eid
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter