"Sjøhelt", "Høvding" og "Fiskebas". Staute namn på båtar som hadde staute karar om bord. Dei var om bord på båtar med namn og båtar med sjel! Dei var fiskarar og sjøfolk som, slik det heiter i salmen, berre hadde "ei fjøl mellom seg og si grav". Denne boka er oppfølgjaren av boka Båtar med sjel, som kom ut på Selja Forlag i 2002. Den gongen fortalde Malvin Toft om 78 fiske- og fraktebåtar frå Sogn og Fjordane. No har han fått med seg fire andre skribentar. Dei fortel om fleire fiske- og fraktebåtar frå heile kysten av Sogn og Fjordane, både fiskebåtar og frakteskuter, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Her er seglskuter, dampbåtar og motorbåtar, som høyrde heime frå Selje i nord til Gulen i sør. Nokre av dei er framleis i fart. Båtar med sjel II inneheld - omtale av kvar enkelt båt og dei som arbeidde om bord - skildringar av livet om bord, kvardagsliv og dramatiske hendingar - faktaopplysningar om kvar båt - eit eineståande biletmateriale med kring 200 foto.
Les mer
Boka handlar om 67 gamle båtar frå kysten av Sogn og Fjordane. Forfattarane fortel historier om fiskebåtar, frakteskuter, kystbåtar og havgåande båtar. Dei skildrar livet om bord og gir faktaopplysningar om kvar båt. Dette er ein oppfølgjar til boka med same tittel frå 2002. Med kjelder og litteraturliste.
Les mer
Forord av Torkjell Djupedal

Produktdetaljer

ISBN
9788291722818
Publisert
2007-11-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
184

Forfatter