Dette er ei forteljing om korleis Arna vart moderne, og kva dette fekk å seia for folk sitt liv i arbeid og fritid. På midten av 1800-talet var Arna eit typisk vestnorsk jordbrukssamfunn, men på same tid eit industrisamfunn, etter at industristaden Ytre Arna vart etablert i 1846. Mot slutten av dette hundreåret var heile bygda trekt inn i utviklinga fram mot ei moderne tid. Dampbåtsambandet mellom Arna og Bergen vart bygd ut, Vossebanen opna - og jarnbanelina strekte seg tvers gjennom arnabygda. Ved inngangen til 1900-talet var òg store delar av bygda bunde saman av eit vegnett. Nærings- og samferdsleutviklinga i Arna frå 1840-åra fram til 1972 la rammene for samfunnslivet og hadde stor innverknad på folk sine levevilkår. På same tid har nærleiken til Bergen hatt mykje å seia for livet i bygda, og ved slutten av denne perioden vart bygda ein bydel i Bergen. Boka er rikt illustrert, og formidlinga av historia skjer i både tekst og bilete, det er som å reise i tida. Svein Ivar Angell (f. 1967) er dr.art. i historie og knytt til Stein Rokkan senter for flerfaglige samfunnsstudier, Universitetet i Bergen, som forskar.
Les mer
Boka tek for seg tida frå 1840 til 1972. Den tek for seg korleis Arna vart moderne, og kva dette fekk å seia for folk sitt liv i arbeid og fritid. Har litteraturliste, ordliste og register.

Produktdetaljer

ISBN
9788241903250
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Vekt
1618 gr
Høyde
251 mm
Bredde
174 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
591

Forfatter