I 1922 kom åtte fotballklubbar i Sogn og Fjordane saman og stifta Sogn og Fjordane fotballkrets. Hundre år seinare har talet på klubbar auka til 72, og meir enn ti prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane er medlemmer i ein fotballklubb. Denne boka summerer opp 100 år med fotball i Sogn og Fjordane, med vekt på dei siste 30 åra. Den viser utviklinga frå tida då det vart spelt fotball på sandstrender og slåttebøar, til vi i dag har storhallar, grasbaner, kunstgrasbaner og bingar. Her kan du lese om dugnadsarbeid og profesjonalisering, om leik og alvor. Om trenarar, dommarar og spelarar, frå dei aller yngste på miniputt-turneringane til dei profesjonelle spelarane i inn- og utland. Spesielt dei siste 50 åra har fotballen i Sogn og Fjordane utvikla seg med rekordfart, og fotballkretsen har blitt ein stor og moderne organisasjon. Fotball i 100 år har også eigne kapittel om 76 klubbar og meir enn 130 baner i Sogn og Fjordane, saman med ein omfattande statistikk-del. Boka er rikt illustrert.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401968
Publisert
2023-11-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
1200 gr
Høyde
270 mm
Bredde
230 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
224

Forfatter