Du treng ikkje vere autofil for å ha glede av denne boka [.] Eskelands slentrande og ujålete stil, krydra med frodige miljøskildringar frå norsk bygdeliv, gjer det til ei lita perle i bokhausten.
- Jan Nyberg, Bergens Tidende
Bilalbumet er morosam kulturhistorie, som er lite omtalt i norsk litteratur. Boka er også eit kvalifisert og sakleg argument for rånekulturens verdiar, lett gjenkjenneleg for alle som har vakse opp på bygdene.
- Jan Nyberg, Bergens Tidende