Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I can boogie er Are Kalvøs ærlege forsøk på å forstå vår tid: Kven vi er, kva som styrer liva våre, kva som er vitsen med heile greia. Ja, sjølve meininga med livet. Og kvar leitar ein for å finne meininga med livet? I popmusikken, sjølvsagt. Kalvø er overtydd om at alle som har leita etter meininga med livet, har leita på feil plass. Kalvø trur meininga er å finne i dei skikkelig populære songane som omgir oss heile tida og følgjer oss gjennom livet: songane som har toppa Norges offisielle hitliste VG-lista. Ein nummer ein-låt på VG-lista er nemlig ikkje berre ein nummer ein-låt på VG-lista, men også eit utømmelig reservoar av mangslungne teikn som til saman gir ny innsikt om oss sjølve, kven vi er, kven vi var, kva vi drøymde om å bli, og korleis det gjekk. Undervegs gjer Are Kalvø ei rekke avstikkarar til si eiga historie for riktig å meisle inn eit poeng eller to. Skru opp musikken, ta på danseskoa, bli kjent med di indre Britney Spears og bli med inn til Kalvøs historier frå 70-talet, 80-talet, 90-talet, 00-talet og 10-talet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788248928539
Publisert
2021-09-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kagge
Vekt
332 gr
Høyde
217 mm
Bredde
143 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
151

Forfatter