Suksessane Syden, Nød og Våre venner kinesarane i ei bok Endeleg kjem Are Kalvøs Greatest hits vol 3, som Kalvø-fans over heile landet har venta på! Samlinga inneheld tre bøker som alle fortel om reiser med gode formål: I Syden reiser Kalvø til Syden, kanskje det hyggelegaste landet i heile verda, og finn ut at folk sanneleg gjer mykje rart når dei er langt heimafrå. I Nød reiser han til Etiopia for å redde verda, og finn ut at det faktisk er veldig vanskeleg. I Våre venner kinesarane et vår mann på 158 norske kinarestaurantar for å finne ut om han verkeleg er tilhengar av eit fleirkulturelt samfunn. Å lese denne samlinga er litt som å dra til Syden for å redde verda og avslutte dagen med fritert banan.
Les mer
Syden: På tross av opplevingane på sin første Syden-tur saman med foreldra, har forfattaren reist tilbake til Syden, denne merkelege solrike plassen som finst uavhengig av alt anna. Med utgangspunkt i reisekatalogar frå charterturismens barndom, forsøker han å finne restane av den store Syden-draumen. Nød: Dette er ein underhaldande roman om alvorlege tema, om urettferd, om Bob Geldof og Live Aid, om kvifor vi blei som vi blei, om åttitalet og om å ha veldig dårlig samvit. Og om ein heilt vanlig fyr som blir lottomillionær og startar innsamlingsaksjonen "Lottomillionærar for Afrika". Våre venner kinesarane: Forfattaren har reist rundt i Noreg og besøkt alle dei 158 kommunane som har kinarestaurant. Han set seg føre å ete på minst ein restaurant i kvar kommune. Samlinga har også forslag til etterbruk av bøkene.
Les mer
Innhold: Syden. Nød. Våre venner kinesarane

Produktdetaljer

ISBN
9788252175080
Publisert
2009-06-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
1340 gr
Høyde
225 mm
Bredde
152 mm
Dybde
54 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
886

Forfatter