EIN REISEGUIDE TIL NORGES HJARTE - ENDELEG PÅ ENGELSK! Boka tek oss med på ei rik reise langs Sognefjorden - frå kysten i vest til Jotunheimen i aust. Den allsidige reiseguiden er både ei praktisk handbok og ei fyldig illustrert praktbok. Gjennom bilete, kart og fakta får vi inspirasjon og informasjon om kva dei ulike kommunane langs Sognefjorden har å by på - frå historiske attraksjonar til fotturar, aktivitetar og moderne friluftsliv. Boka dekker kommunane Solund, Hyllestad, Gulen, Høyanger, Balestrand, Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Leikanger, Sogndal og Luster. Kvar kommune er presentert med oversiktelege kart der attraksjonane og aktivitetane er teikna inn. Saman med fyldig faktainformasjon blir det lett for både tilreisande og fastbuande å finne fram. Gjennom boka blir vi kjende med eit breitt utval av kultur- og naturopplevingar som fjord-, bre og fjellaktivitetar, nasjonale turistvegar, stav- og steinkyrkjer m.m.
Les mer
Anbefalt.

Produktdetaljer

ISBN
9788279591986
Publisert
2013-05-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
580 gr
Høyde
210 mm
Bredde
142 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Engelsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
271

Forfatter
Illustratør
Oversetter