Årboka for Sogn og Fjordane 2013 tek temperaturen på eit fylke som feira 250 år. I boka får du høve til å vere med på nokre av arrangementa som har markert jubileet. 2013 har elles blitt prega av dei mange ulykkene langs vegane våre. Vi har framleis brannen i Gudvangatunnelen friskt i minne. Busskollisjonen i Sogndal, kapringa i Årdal og den kraftige bilulukka i Våtedalen fekk alle eit tragisk utfall. I alt 12 personar omkom i trafikkulukker i fylket vårt i 2013. Under stortingsvalet i september røysta fleirtalet i Sogn og Fjordane raudgrønt, men landet totalt sett gav oss blå regjering. I denne stortingsperioden vert vi utan statsrådar frå fjordfylket. På sportsfronten markerer vi at lokale utøvarar er blitt ein berebjelke på skiskyttarlandslaget.. Meir om sportslege prestasjonar lokalt, nasjonalt og internasjonalt finn du i den fyldige faktadelen. Der finn du også mange statistikkar om folkesetnad, økonomi, samferdsle og næringsliv. Boka har eit namneregister med nær 1000 namn.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400763
Publisert
2014-04-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
1500 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
272

Redaktør