OPPTUR YTRE SUNNMØRE er ei skattkiste av gode turopplevingar. Store og små øyar ligg som perler på ei snor, både sør og nord for Ålesund. Her er det ope landskap, nydeleg turterreng og utsyn i alle retningar. Lenger inne er vegetasjonen rikare, bakkane brattare og toppane høgare, med kremtoppen Lauparen i Ørskogfjella på 1434 moh. som den høgste fjellturen i boka. OPPTUR YTRE SUNNMØRE inneheld 160 turar, av dei 141 fotturar og 19 sykkelturar. Følgjande kommunar/område er med: Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy. OPPTUR YTRE SUNNMØRE har både lette og meir krevjande turar. Alle turane er teikna inn på flyfoto, med fyldig turomtale, oppgjeven vanskegrad, lengde og stipulert turtid. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401784
Publisert
2022-08-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
400

Photographs by