VINNAR AV P2-LYTTARANES ROMANPRIS! Heime gjer Isak alt for at mora skal halde ut. For mora treng kvile. Ho er avhengig av han, og tvingar han til å skulke skulen. På andre sida av skogen ligg nabogarden, og ein framand mann har flytta inn. Gradvis utviklar mannen og guten eit slags taust vennskap. Mannen gir guten tyggis eller kjeks. Naboen har også ein kjærast med langt, lyst hår. Og dei inviterer Isak med på grilling og bading. Kan dei bli ein ny familie for Isak? Vil dei det? Kvar dag skal vi vere så modige handlar om dei som har det vanskeleg, om dei vi overser. Men også om dei som plutseleg bryr seg.
Les mer
«Tjønn er rå til å la historiene opne seg sakte, sakte. Han porsjonerer opplysningane om dei sentrale personane slik at lesarane får tid til å sjå for seg kva som kan kome til å skje. [...] Slik opnar teksten for at lesaren kan kjenne på ei smerte som har ramma nokon andre. Dette er noko av det edlaste litteraturen kan gjere.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202760458
Publisert
2022-03-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Vekt
153 gr
Høyde
200 mm
Bredde
130 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
172