Verdas søtaste jordbær og plommer, saftig kje, lam og svin, doggfriske urter, nytrekt laks og aure. Kjøkkensjef Bodil Fjellestad Eikrem finn inspirasjon og råvarer i heimbygda Gloppen i Nordfjord når ho lagar oppskriftene sine. «Bodils spiskammers» byr på lekre rettar og menyar til kvardag og fest - med drikketips til kvar rett. Oppskriftene byggjer gjerne på gamle mattradisjonar, men har ein moderne vri. Bodil har laga oppskrifter på forrettar, hovudrettar og dessertar som er enkle å følgje, og av råvarer alle finn på butikken. Bodil Fjellestad Eikrem (f. 1981) har bakgrunn frå velrenommerte restaurantar som Lofoten fiskerestaurant i Oslo og Spisekroken i Bergen, og gjer no suksess som kjøkkensjef på Gloppen hotell. Ho er også kåra til årets Bondelagskokk i 2013/2014. Bodil brenn for ureist mat, og meiner tett samarbeid med lokale mat- og drikkeprodusentar er nøkkelen til suksess. Mange av desse vert presenterte i boka. Spennande mat på freistande fat. God appetitt!
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400817
Publisert
2014-09-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
184

Illustratør