Det vekte åtgaum då Asbjørn Aarnes - einsynt brukar av riksmålet, mangeårig preses i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur - gav ut ei samling epistlar på ramaste nynorsk. Ein spurde seg: Har noko hendt han? Har han skift side, eller har han gått i barndomen? Sjølv har han skildra det som at det gjekk hol på ei tunne. I nynorsken fann han røyster til heimekjende og framande aktørar. No er tunna tom. Ferda har gått frå logoskulturen i sudlanda til det tagale nord. Sidan sist har Aarnes skrive ei bok om Snorre Sturlason og den norrøne kjensla. I denne andre samlinga med epistlar er det norske innslaget større, og me kjem nærare eit svar på den språklege gåta: Det er i det som skil seg ut og som set grenser, at dei to måla våre har si grunngjeving. I den førre boka vart det spurt om Aarnes hadde vorte bergteken eller om han var komen heim. Han har vore ingen av delane. Han har vandra i eit mål og i eit landskap som alltid har vore der. Asbjørn Aarnes, f. 1923 på Vågbø, Nordmøre. Professor i europeisk litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo 1964-1992. Asbjørn Aarnes har skrive ei lang rekkje bøker om norsk og fransk litteratur, millom andre Diktningen hos Gérard de Nerval. Hans estetikk og poesi (1957), Stadier i fransk idéliv (1998), Poesien hos Olav Nygard. Et dikteralbum (2004) og Lyset i nord. Et Snorre-album (2008). I 2006 kom den fyrste samlinga epistlar på nynorsk, Råka av røyndom.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788279900702
Publisert
2009-09-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Solum Bokvennen AS; Vidarforlaget
Vekt
272 gr
Høyde
174 mm
Bredde
122 mm
Dybde
28 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
188
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter