[O]ppegåande sak­prosa skriven av ein vestlending med heimlengsel. (...) Dette er ... historia om landet vårt i miniatyr – kort og skarpt fortald. (...) [D]enne forteljinga [peikar] også framover. Korleis skal vi overleve om det kjem ein ny krig dersom lysa er sløkte på gardane, forsynings­linjene til utlandet er brotne og alle odels­gutane og odels­jentene er flytta til byen?

- Knut Hoem, NRK

Maria Lavik fører ein god nynorsk penn. ... Allment får lesarane illustrert utfordingar som er knytte til fysisk, materiell og geografisk flytting, like mykje som utfordringane er sett i eit mentalt, emosjonelt og etisk flytteperspektiv.

- Gunnstein Akselberg, Avisa Hordaland

Fortellingen om Maria Laviks familiegård blir et mikrokosmos for norsk distriktspolitikk ... Det er lett å forstå hvorfor Lavik sliter sånn med å gi slipp. "Odelsskam" er full av kjærlighet til slekta og plassen, og det er to størrelser som liksom ikke kan skilles fra hverandre ... [K]anskje skrivingen kan være en måte å la livet i Lavik leve videre på, i bevisstheten til oss som leser om det. Det gjør Lavik også godt: Jeg føler både sorg og varme overfor denne slektsgården mens jeg leser.

- Maia Nordsteien Nielsen, Klassekampen

Se alle

Boka «Odelsskam» er ei varm og sterk forteljing om å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar. Slik vert den også ein viktig rapport om bygde-Norge.

- Harald Stanghelle, Vaksdalposten

... eit sterkt skriftstykke. ... No er det alltid fleire grunnar til at folk snur bygda ryggen, og dette gjer Lavik greie for gjennom sterk prosa der kjenslene ligg på og mellom linene.

- Gjermund Bakkeli Haga, Dag og Tid

I «Odelsskam» er det nok mange av dagens bygdeungdom som kan kjenne seg att i forfattarens eiga oppveksthistorie. (...) Lavik skildrar ein valfridom som ikkje fanst i tidlegare generasjonar. Fridom er i det heile tatt eit nykelord i «Odelsskam», noko som gjer at boka korkje er nostalgisk eller idylliserande på vegner av fortida."

- Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.» I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake? Odelsskam skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim. Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.
Les mer
Maria Lavik fører ein god nynorsk penn. ... Allment får lesarane illustrert utfordingar som er knytte til fysisk, materiell og geografisk flytting, like mykje som utfordringane er sett i eit mentalt, emosjonelt og etisk flytteperspektiv.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234013645
Publisert
2024-08-16
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
256 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
158
Sjanger
Faglitteratur
Innkjøpsordning
Kulturfond

Forfatter