Jul i Trøndelag kjem ut kvart år, med eit rikhaldig innhald av trøndersk kultur. Espen Tørset har intervjua teaterlegenda Hildegunn Eggen, som avsluttar karrieren med ei soloframsyning av Juvikfolke. Ragnhild Jepsen, tidlegare domprost i Nidaros domprosti og no biskop i Bjørgvin, har ein juleandakt. Brageprisvinnar Erlend Skjetne frå Melhus har nyskrivne dikt til bladet. Kari Stai frå Inderøya lar oss møte Juri, guten vi vart kjent med i ungdomsboka Passe happy. Kari Anne Bye har skrive teksten «Snurr film! Ein romantisk (og litt irriterande) førjulstradisjon». Kenneth Larsen byr på nye striper av Bestis, frå ein oppvekst i Trondheim. Andre bidragsytarar: Per Helge Genberg, Ingelin Røssland, Inger Johanne Sæterbakk, Johan Dragvoll og Dordi Strøm - og mange fleire! Du kan vinne bokpremiar ved å fylle ut Einar Søreide sitt kryssord eller ved å svara på Jul i Trøndelag-kvissen. Framsida er laga av Ellinor Bergli Bustad.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788292547120
Publisert
2023-10-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Trønderlaget
Vekt
322 gr
Høyde
270 mm
Bredde
210 mm
Dybde
7 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
81

Redaktør