Kjønn er i dag blitt eit «mangfald» og noko som kan veljast. Samstundes blir kjønn, som «kjønnsidentitet», forstått som «ditt eigentlege eg». Kva konsekvensar får desse førestillingane for barn og unge, og for kvinners rettar? Kva konsekvensar får det for menn, ja for alle, å måtta bytta ut ei objektiv forståing av verda med ei subjektiv forståing? Kjønnstru: Kampen om røynda forklarer korfor og korleis kjønn er blitt til ein mystisk essens, «kjønnsidentitet», som ein trur er lausriven frå kroppen. Boka gjev ei grundig innføring i fleire alvorlege problemstillingar rundt fellesskapet si handtering av denne kjønnstrua. Slike problemstillingar er førebels ikkje grundig debatterte eller handterte i norsk offentlegheit. Anne Kalvig (f. 1972) har lang fartstid som organisert kvinnesakskvinne, som tidlegare politisk aktiv på ytste venstreside og som formidlingsglad religionsvitar. Ho var inntil sommaren 2023 professor ved Universitetet i Stavanger. Kjønnstru: Kampen om røynda er hennar fyrste bok på eige forlag, Medvit forlag.
Les mer
Boka bør (...) lesast av alle med interesse for det som formar samtida og tanken vår. Og kven veit, kanskje det kjem ei ettertid med nok klarsyn til å takka henne fordi ho tok kampen for «røynda» . sjølv om det kosta henne dyrt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230361368
Publisert
2023-10-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Medvit forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
353

Forfatter