Walid al-Kubaisi fortel i denne boka om Kubaisi-slektas vekst og fall, om oppveksten i Irak og korleis han vart tvinga på flukt og ikkje fekk sjå familien igjen på mange år. Kubaisi er ein oase vest i Irak. Der har slekta halde til sida byrjinga av 1800-talet. Oldefaren skapte eit velstyrt lite samfunn og seinare vart slekta ei av dei mest kjende i landet - det var ei ærefull tid. Al-Kubaisi skildrar møte med Saddam Hussain på ein kafé i 1978. Ein månad seinare vart mange av slektningane avretta - skulda for medverknad til militærkupp. I 1981 flyktar han frå den fælslege krigen mellom Iran og Irak der broren vart drepen. Flukta går til Syria der han havnar på koranskule. I Libanon vert han rekruttert til PLO og pressa til sjølvmordsangrep. Frå dette helvetet kjem han seg omsider til Noreg. Det skulle gå meir enn tjue år før han klarte å vitja dette området igjen. Blekk og blod er ein sterk historie om ein mann og ei slekt som vert offer for ein despot, ein religion og ein vond lagnad. Men han byggjer seg eit nytt liv i eit nytt land og kjempar vidare med ord som våpen.
Les mer
«Fra Saddams Irak til Ernas Norge, avstanden har vært stor, og reisen strabasiøs. Men Walid al-Kubaisi har maktet den, og har evne og vilje til å skrive den ned. […] Walid al-Kubaisi har et enkelt og effektivt språk, det er konkret og beskrivende, med brå utbrudd av patos og voldsomme følelser. Man merker rester av et annet stilideal, med rike, blomstrende sammenligninger, og plutselige appeller til en gud. […] Leseren vil finne diskusjoner av – og motforestillinger mot – religiøse og kulturelle praksiser i araberverden. Under kritikken fornemmer man likevel en sterk kjærlighet til menneskene i dette området av verden.»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282651783
Publisert
2016-10-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Dreyers Forlag
Vekt
324 gr
Høyde
215 mm
Bredde
144 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
211

Forfatter