Babyar kjem definitivt ikkje med storken!
I denne boka fortel 46 kvinner frå Sørlandet til Svalbard om å føde på vegen, i lufta og til sjøs, om å plukke ti liter molter mens riene herjar, klatre over ras på veg til sjukehus og presse ut ein unge utan å vite at ein var gravid. Dei deler historier om å setje barn til verda midt i ein krig, føde utan straum under ein orkan, kjempe mot smertene mange tusen kilometer frå den ein er mest glad i og måtte sende nyfødde babyar bort i staden for å ha dei på brystet. Dei fortel om å bli mor for tidleg, for seint og når ein eigentleg trudde det ikkje lenger var mogleg.
Historiene handlar om Noreg dei siste 70 åra, om korleis det er å leve i vår privilegerte, langstrekte og vêrharde land i nord.
Men mest av alt handlar dei om kvinnenes råskap.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788252196696
Publisert
2018-08-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
356 gr
Høyde
198 mm
Bredde
138 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
259
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter