Skattkiste frå Noregs satiredronning! Agnes Ravatn er ein av Noregs mest morosame og originale skribentar. Her finn du eit rikt utval av Ravatns vittigaste og skarpaste tekstar gjennom femten år. Vi får bli med Ravatn til konsultasjon hos ein plastikkirurg, til rettleiing i Scientologikyrkja, på bli-ny-dag, og følge henne i jakta på raske pengar etter ein vond baksmell på skatten. Gjennom eit mangfald av emne, om alt frå norsk valkamp og (eiga) pornoavhengigheit til konsentrasjonssvikt og livet på bygda, gir Ravatn oss eit friskt perspektiv på moderne kultur og samfunn. Ravatn har eit observant, underhaldande og kritisk blikk på både politikk og kvardagsliv. Tekstane er tankevekkande og lattervekkande, like sjølvkritiske som samfunnskritiske. «Det finnes allerede et før og etter Agnes Ravatn i norsk essayistikk», uttalte Morgenbladets jury då dei kåra ho til ein av Noregs beste forfattarar under 35 år.
Les mer
Ravatn har eit stort komisk talent, og at ho verkar å ha befriande lite behov for å setje latteren fast i halsen på folk: Ho let hum- ringa humre og latteren runge fritt

Produktdetaljer

ISBN
9788234013867
Publisert
2024-05-10
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
280 gr
Høyde
200 mm
Bredde
125 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
299

Forfatter