Los geht's er eit læreverk i tysk for 8.-10. trinn med eit realistisk omfang samtidig som verket byr på eit omfattande materiale til individualisering i klasserommet. Verket oppmuntrar elevane til å bruke språket frå første dag og til å reflektere rundt korleis dei lærer seg det.
Elevane skal få kunnskap om geografi, menneske, litteratur, kunst og kultur frå dei tyskspråklege landa. Los geht's har ein god struktur for effektiv, morosam og lett språklæring.
Los geht's 10 Arbeidsbok byr på mange og varierte oppgåver.Det finst oppgåver som øver opp ordtilfanget, tekstforståinga, grammatikken og Landeskunde, dessutan finn ein mange kreative oppgåver knytte til spel og leikar. Kvar leksjon blir avslutta med «test deg sjølv» og evaluering av eigen innsats. Her er også ei grammatisk ordliste, eit alfabetisk oversyn over grammatiske termar med forklaring av omgrepet, eksempel på bruk og peikar til grammatikken.
Read more
Product details
ISBN
9788252167726
Published
2006
Edition
1. edition
Publisher
Vigmostad & Bjørke AS; Samlaget
Weight
460 gr
Height
297 mm
Width
223 mm
Thickness
90 mm
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Spiral
Number of pages
136
Original title
Los geht's 10
Genre
Skolebøker
Author
Illustrated by