GRIP naturfag 1 arbeidsbok dekker kompetansemåla etter modul 1 i læreplan i naturfag for førebuande opplæring for vaksne (FOV).
GRIP naturfag legg opp til tett samspel mellom arbeidsbok og grunnbok. Kvart kapittel i arbeidsboka består av fire delar:
Oppvarmingsdel: Deltakarane aktiverer forkunnskapar og skaffar seg oversikt over kapittelet.
Hovuddel: Oppgåver til kvar tekst i grunnboka. Oppgåvene er tydeleg delt inn i «Før lesing» og «Etter lesing».
Oppsummeringsdel: Deltakarane repeterer sentralt stoff og blir medvitne sin eigen progresjon i temaet.
Fordjupingsdel: Oppgåver til Lær meir-tekstane i grunnboka.
Forfattarane Tove Haugsland og Stian Hermann Røst underviser vaksne innvandrarar i naturfag ved Johannes Læringssenter i Stavanger.
GRIP er eit læreverk for vaksne minoritetsspråklege som får opplæring i norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og matematikk på nivået under vidaregåande. Verket kombinerer fag og språkopplæring.
Verket består av grunnbok og arbeidsbok til kvar modul, i tillegg til GRIPportalen, ein digital portal for førebuande opplæring for vaksne (FOV).
GRIP presenterer fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skolebakgrunn frå heimlandet. Læreverket tek utgangspunkt i praktisk språkbruk og legg vekt på kvardagssituasjonar, studiar og yrkesliv.
Read more
Product details
ISBN
9788211047953
Published
2025-04-04
Edition
2. edition
Publisher
Vigmostad & Bjørke AS; Fagbokforlaget
Weight
554 gr
Height
288 mm
Width
205 mm
Thickness
12 mm
Age
Fremmedspråklige voksne
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
179
Original title
Grip 1
Genre
Skolebøker
Illustrated by