Kompromisslaust om å vere ung Femten år gamle Johanna bur saman med mor og veslesøster, og ho må ta ansvar for dei begge. Mor drikk for mykje og anstrenger seg for ikkje å tenke på det endelause. Veslesøster er berre sju år og ønsker seg mest av alt i verda ein eigen kattunge som ho kan passe på. Samstundes leitar Johanna etter nærleik hos gutar som kanskje ikkje maktar å gi henne det ho treng. Vinden og kattane handlar om ei ung jente som blir vaksen altfor fort, men det er også ei historie om sterke familieband, lojalitet og djup kjærleik. "Ikkje tenk på verdsrommet, plar mor mi seie, ikkje tenk på det endelause, då blir du galen. Røynda og livet er vanskeleg og ubegripeleg nok. Eg løfta blikket og såg på alle stjernene som blenkte." Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar og dramatikar frå Vartdal på Sunnmøre. Kleiva har gitt ut ei lang rekke bøker for barn og vaksne.
Read more

Product details

ISBN
9788234003912
Published
2021
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget; Samlaget
Weight
336 gr
Height
212 mm
Width
138 mm
Thickness
16 mm
Age
16-20
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
171
Genre
Skjønnlitteratur