Spøkelse og magi og ein herleg spennande skule! Skulen til Grete og Marius er kjempegammal. Over hundre år. Av og til skjer det mystiske ting. Det knirkar og knakar i veggane. Det er dei gamle lærarane og elevane som går igjen! Dei finst overalt. Men dei viser seg ikkje så ofte. I alle fall ikkje for kven som helst ... "Kven tør å vere med til Den svarte dama?" spør Sally i friminuttet. Den svarte dama finst i spegelen på doen, og Sally veit korleis ein får henne til å komme fram. Eller rettare sagt: Ho trur at ho veit ... Bli med til skulen der porten knirkar, det er spindelvev i vindauga og ein høyrer kvesande pust i korridoren. Les også: Den mystiske skulen: Spøkelseshunden Den mystiske skulen: Ånda i glaset Den svarte dama er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Frå svensk ved Øystein Rosse. Leseland. Nivå 2.
Read more

Product details

ISBN
9788252190960
Published
2017-08-08
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget; Samlaget
Weight
200 gr
Height
211 mm
Width
144 mm
Thickness
9 mm
Age
6-9
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
60
Original title
Svarta madam
Genre
Skjønnlitteratur

Illustrated by
Translated by