Dobbelt Upris-vinnar med nye sterke forteljingar! Ei ulukke har aldri ei enkel årsak. Ho er ei følgje av fleire uheldige hendingar som heng saman i ein serie. Kvardagslege handlingar som me menneske gjer, utan tanke på at dei kan få tragiske konsekvensar. Stavanger Stories 2 er fjorten forteljingar om liv og død - og alt innimellom, fortalde med både humor og alvor. Vi følgjer familien til ungdommane Betty og Broremann - og også andre folk som er rundt dei. Betty er usikker på om ho kan stole på kjærasten sin. Broremann gjer det han kan for å imponere storebroren sin. Halvard kjøper luftpistol. Og Eric må snike seg ut då han vaknar opp heime hos ei dame som har ein mann i Nordsjøen. Alle driv dei med sitt, utan å vere klare over korleis handlingane deira påverkar personane rundt dei.
Read more

Product details

ISBN
9788252194548
Published
2018-02-01
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget; Samlaget
Weight
253 gr
Height
214 mm
Width
139 mm
Thickness
15 mm
Age
12-16
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
135
Genre
Skjønnlitteratur