Eg synes boka er den beste eg har lest (...) håper det kjem fleire bøker om Jenny Fender!

- Sigrid, 11 år

Det er for få bøker der musikk er ein sentral del av handlinga. Heidi Marie Vestrheim fyller tomrommet med ein eksplosiv og morosam debut om Jenny Fender sin draum om å bli rockestjerne.

- Foreningen !les,

Heidi Marie Vestrheim byr på eit heilstøypt romanunivers med ei heltinne som tek pusten frå deg. (...) Jenny er eit fyrverkeri av ein unge.

- Periskop,

See all

Det luktar sukkerspinn, skyllemiddel og salt fjord når Heidi Marie Vestrheim debuterer med ei sjarmerande oppvekstskildring frå siderlandet. [...] «Jenny Fender» er ei glad og god sommarbok med klassiske kvalitetar.

- Bergens Tidende,

Livet går i grus for Jenny Fender på ein måte vi ikkje har sett i ei norsk barnebok sidan Lena Lid flytta frå Trille i Maria Parr si «Vaffelhjarte».

- Bergens Tidende,

Her er potensial til ein bestselgar.

- Periskop,

Boka høver godt for born i alderen 9–14 som er interesserte i rockemusikk og venskap og ikkje altfor opptekne av My Little Pony og duftlys.

- nynorskbok.no,

Bandet er kaputt, ferien er kaputt, livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho blir heilt deprimert.

Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med det skeive smilet sitt og gjer Jenny heilt svimmel.

Dette blir verdas VERSTE sommar … eller?

Heidi Marie Vestrheim debuterer som forfattar med ei sjarmbombe av ei barnebok! Jenny Fender handlar om alt virvaret ein kan oppleve i overgangen mellom barndom og ungdom. Dette er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik.

Jenny Fender fikk Kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur 2023 og har blitt nominert til ARKs barnebokpris, Trollkrittet og Bokslukerprisen.

Read more

Product details

ISBN
9788205565906
Published
2023
Edition
1. edition
Publisher
Gyldendal Norsk Forlag AS; Gyldendal
Weight
296 gr
Height
214 mm
Width
136 mm
Thickness
20 mm
Age
9-12
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
205
Genre
Skjønnlitteratur