Dette er ei verkeleg god barnebok. No er ikkje det overraskande, for Arnfinn Kolerud er av dei finaste barnebokforfattarane vi har. Teksta er som alltid overraskande. Styrken til Kolerud ligg nettopp i at du aldri veit kva veg forteljinga vil ta. Ein annan kvalitet er det leikne språket.

- Anne Cathrine Straume, NRK

Eg set pris på korleis Kolerud får fram dette (...): Det såre ved å legge barndoms-sjølvet bak seg, men også den gode kjensla av å meistre nye utfordringar. I Kolerud sin prosa kryr det av fine observasjonar og gode formuleringar knytt til dette.

- Helene Hovden Hareide, Klassekampen

en av vårens morsomste bøker ... «Ivar får ansvar» er en fullstendig uforutsigbar fortelling med mange lag. Den er moralsk uten å være moraliserende. Herlig!

- Anne Cathrine Straume, NRKs bokanbefalinger

Om lommepengar og lærepengar. Ivar er tolv år og lever eit heilt vanleg liv. Men ein dag skjer det noko veldig rart: Lommepengane snur! Det er foreldra som fortel det over middagsbordet. Frå no av er det Ivar som må betale lommepengar til mor og far, seier dei, no er det hans tur å bidra til fellesskapet. For å klare dette må han skaffe seg ein sommarjobb. Men korleis gjer ein eigentleg det? I tillegg har bestevenninna Maja fått seg ekte sommarjobb på kafé. Ho serverer suppe til feriegjester og brettar fine serviettar. Dessutan dukkar det opp ein irriterande gut på kaféen. Han heiter Mons. Men er ikkje Mons eigentleg berre eit dumt kattenamn? Og kvifor går Mons rundt og ber på ei dustete padleåre? «Ivar får ansvar» er ei absurd og morosam historie om lommepengar, sommarjobbar og bestevenner som kanskje er i ferd med å vekse frå kvarandre.
Read more

Product details

ISBN
9788234011641
Published
2024-01-05
Edition
1. edition
Publisher
Det Norske Samlaget; Samlaget
Weight
355 gr
Height
211 mm
Width
136 mm
Thickness
20 mm
Age
9-12
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
193
Genre
Skjønnlitteratur