Ei elv, ein skog, ein kunstmålar, to husvogner og ei rad oppgjer med fortida. Det er ramma kring Gyrdir Elíassons "pastoralsonate" om mennesket mellom natur og kultur. Forteljinga minner om Henry David Thoreaus Walden og Edward Abbeys Desert Solitaire under Kvang Tzes motto: "Alle kjenner nytten av det gagnlege, men ingen skjønar nytten av det gagnlause."
Samspel mellom melankoli og audmykt gjev ofte grunntonen i islandsk diktning. Knapt nokon stad kling han klårare enn i Gyrdir Elíassons kvardagsnære, men tvibotna lyriske prosa med utsyn frå høgare leite mot det som tyder mest i livet og kunsten. Hans språklege minimalisme har rom for både spøk og spøkeri.
Read more
Product details
ISBN
9788274883222
Published
2013-07-24
Edition
1. edition
Publisher
Solum Bokvennen AS; Bokvennen
Serie
Weight
276 gr
Height
217 mm
Width
144 mm
Thickness
21 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
127
Original title
Sandárbókin
Genre
Skjønnlitteratur
Author
Translated by