I det sjette bandet i den storfelte historiske romanserien Tusen vårar er handlinga lagt til ufredstidene i byrjinga av 1800-talet. Det er "dei tider korsikanaren fór som eit uvêr over land nede i Europa", og sjølv i Sunnhordland merkar ein napoelonskrigane. Eldstesonen på garden Bastaland er utskriven som soldat, og ingen veit om han er i live. Men det er i det nære ein lever .; i Vårherres urtegard. Med meisterhand teiknar Johannes Heggland eit vitalt og mangfelt bilete av livet i ei vestlandsbygd i ei omskifteleg tid. Nytt brytest mot gamalt, son mot far, ættetradisjon mot fridomslengt, haugianisme mot kyrkjemakt. Og sentralt står menneska: Prosjektmakaren Gitle som lét seg freiste av nye tankar og gapar høgare enn det som klokt er, Sara Lisbet som må seie nei til husmannsguten Mikkel .; han er slett ikkje god nok for Bastaland-folket. Og Askjell som må velja mellom det hjartet ynskjer og det som tener framtida til garden han skal erve. Vårherres urtegard er det sjette bandet i serien Tusen vårar , men er ein heilt sjølvstendig roman."Forteljaren Heggland glitrer som knapt nokonsinne tidlegare - i sitt 88. år! Dessutan: Språket hans, som er blitt meir dialektprega, er så presist, så bilderikt, så finstemt at det berre er å gje seg over."Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen
Read more
Product details
ISBN
9788205380561
Published
2008-02-07
Edition
1. edition
Publisher
Gyldendal Norsk Forlag AS; Gyldendal
Serie
Weight
394 gr
Height
211 mm
Width
140 mm
Thickness
29 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
278
Genre
Skjønnlitteratur
Author