Edvard Hoem skriv denne gongen ein roman om det foreldra hans ikkje snakka om, korleis mor hans og far hans trefte kvarandre i 1945, og kva det var som førte til at akkurat dei slo seg i lag. Edvard Hoems far var lekpredikant og heldt i krigens år 1940-45 meir enn sju hundre møte i det han kalla Dalenes dal, Gudbrandsdalen. Mora var kokke på Fåberg pleieheim, og ho fekk ei dotter med ein tysk soldat i 1945. Ingen ville vel ha trudd at lekpredikanten og kokka ville finne kvarandre. "Mors og fars historie" handlar om at livet somme gonger tar sin eigen veg og at ingen ting blir slik som vi først hadde tenkt oss det. Boka er ei erindringsbok som blir til ein roman, der Edvard Hoem søkjer å overskride det han har av dokumentasjon for å dikte fram igjen livshistoria til foreldra sine. Historia om ein predikant og ei ung kvinne med ei fortid er ei historie om sorg og svik og nederlag, men først og fremst om livsvilje og forsoning. Den er eit minnesmerke over ei anna tidsalder og eit anna land.
Read more

Product details

ISBN
9788249503650
Published
2005
Edition
1. edition
Publisher
Forlaget Oktober AS; Oktober
Weight
331 gr
Height
211 mm
Width
138 mm
Thickness
20 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
206
Genre
Skjønnlitteratur

Author