Fumiko er fattigdronninga, med ung kropp og slite hjarte. Det er vanskeleg ikkje heie på henne. [.] Det er uvanleg friskt for si tid.

- Alf Kjetil Walgermo, Vårt land

Ho er fattig og svolten, men har ikkje tenkt å gi seg, forteljaren i denne friske, feministiske klassikaren frå Japan. [.] Sjølv når ho skriv om sorg og tungsinn, gjer Fumiko Hayashi det på ein lett og frisk måte, med skråblikk og humor. [.] «Lausgjengar» er inga dum sommarbok . med Fumiko Hayashi som guide, vert «reisa» til Japan morosam.

- Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

Oppkvikkende lesing. [.] Fumiko Hayashis upolerte fattigdoms-skildring fra 1920-tallets Japan er preget av høyt humør.

- Carina Elisabeth Beddari, Morgenbladet

Eg var berre ein liten svart katt, og verda glodde mistruisk på meg og hysja, hysja, hysja på meg. «Lausgjengar» skildrar det turbulente livet til ei ung omstreifande kvinne i Japan på 1920-talet. Ho går frå jobb til jobb, alltid kortvarige, aldri godt betalte. Ho er alltid blakk, opplever vonbrot etter vonbrot, men gir aldri opp. Av lengten - etter mat, ein stad å bu, pengar og kjærleik - skaper forfattaren ein ny og djerv litteratur frå undersida av det japanske samfunnet. Hayashis debutverk kan lesast som eit opprør mot den klassiske japanske dagboktradisjonen, der aristokratiske kvinner skreiv vakre dagbøker fylte av dikt om ulukkeleg kjærleik. Inspirert mellom anna av Knut Hamsuns Sult, skreiv Hayashi med utgangspunkt i sitt eige liv, rått, upolert og direkte, men òg med stor humor og poesi. Då boka kom ut, vart ho straks ein suksess og er i dag eit av dei mest vesentlege verka i Japans litteraturkanon.

Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Read more

Product details

ISBN
9788279593287
Published
2021-06-03
Edition
1. edition
Publisher
Skald AS; Skald
Weight
314 gr
Height
186 mm
Width
125 mm
Thickness
25 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
260
Original title
Hōrōki
Genre
Skjønnlitteratur
Purchasing programme
K-fond: Yes

Translated by