Arbeidarhjerte bok 2 er ei utviding og forlenging av forteljinga om Trond: ein middelaldrande mann frå Namsos som ikkje kjenner seg sjølv eller landet han kjem frå igjen. Det er forteljinga om eit fall, og om ein mogleg veg tilbake.

Trond prøver å få livet på rett kjøl igjen. Han søker ny jobb, prøver å reparere forholdet til kona, og dottera har blitt sjuk. Samstundes ser han tilbake - han prøver å forstå seg sjølv og samfunnet han er ein del av, han prøver å finne si eiga forteljing.

Romanen handlar om det norske klassesamfunnet. Det er ei ukunstla og djupt humanistisk forteljing om fellesskap i alle former - sosiale, politiske, nasjonale. Fellesskap som går i oppløysing, men òg om kva som skal til for å byggje dei opp att. Med den andre boka er Arbeidarhjerte eit fullenda romanverk: Carl Frode Tiller har skrive eit norsk liv.
Read more

Product details

ISBN
9788203457197
Published
2025
Edition
1. edition
Publisher
Aschehoug & Co; Aschehoug
Height
205 mm
Width
130 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Genre
Skjønnlitteratur