Karl Seglem er ein av landets mest kjende musikarar. Han spelar mellom anna saksofon og bukkehorn og har gitt ut ei lang rekkje CD-ar og no snart ei lyrikksamling. Nokon har sagt at dikt = meining + musikk. Sjeldan stemmer dette betre enn for musikaren Karl Seglems debutbok, men det er ikkje ei songbok. Dikta er sterke og musikalske. Med stor autoritet skriv Seglem seg inn i ein sterk vestnorsk dikttradisjon med motiv henta frå vatn, fjord og fjell. Ein kjenner kan hende igjen noko frå Jon Fosse og Olav H. Hauge, men først og fremst liknar dette på Seglem sjølv.
Read more
Product details
ISBN
9788252169256
Published
2006
Edition
1. edition
Publisher
Samlagsantikvariatet; Samlaget
Weight
128 gr
Height
211 mm
Width
150 mm
Thickness
7 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
69
Genre
Skjønnlitteratur
Author