Jóanes Nielsens styrke er sanseleg, uslipt metaforikk og skildringar frå arbeidsliv og kjærleiksliv. Metoden hans er kjenneteikna av ekspansjon, oppramsing, laust samanføydde assosiasjonar og ei sjølvframstilling som leier tanken mot Vladimir Majakovskij, Walt Whitman og Pablo Neruda. I 2005 gav Samlaget ut Bruer av svoltne ord av den færøyske forfattaren og poeten Jóanes Nielsen. Nielsen er fødd i 1953. Han debuterte 25 år gammal med diktsamlinga Den trettande månaden i 1978. Han har gitt ut romanar, ei novellesamling, eit skodespel og essaysamlingar. Lars Moa viser her igjen at han er ein god gjendiktar. Utvalet er frå dei fem første diktsamlingane til Nielsen og viser mykje av variasjonen i diktinga hans. Nielsen skriv politiske programdikt som han gjer så jord- og livsnære som mogleg.
Read more
Product details
ISBN
9788252171150
Published
2007
Edition
1. edition
Publisher
Samlagsantikvariatet; Samlaget
Weight
258 gr
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
114
Genre
Skjønnlitteratur
Author
Translated by