Første teatertekst på norsk av nobelprisvinnaren Elfriede Jelinek! Elfride Jelineks mest kjende og personlege tekst for teater, Vinterreise (2011), kjem no endeleg på norsk. Det skapte både forundring, forarging og fryd då Jelinek i 2004 blei tildelt nobelprisen i litteratur for sin «musikalske straum av røyster og motrøyster (...) som avslører dei absurde klisjéane i samfunnet». Hos Jelinek er det liksom språket sjølv som taler, i dei seinare stykka hennar i eit slag redigert monologisk stream of consiousness. I så måte skil dramatikken hennar seg markert frå den tradisjonelle dramatiske diktinga, og kvar einskild instruktør må så å seie skape sitt eige stykke på grunnlag av Jelineks språkflaum.
Read more

Product details

ISBN
9788252193398
Published
2018-04-12
Edition
1. edition
Publisher
Samlagsantikvariatet; Samlaget
Weight
135 gr
Height
187 mm
Width
115 mm
Thickness
8 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
115
Original title
Winterreise
Genre
Skjønnlitteratur

Translated by