Korleis kan vi støtte elevar slik at dei blir gode skrivarar? Kva vil det seie å skrive gode tekstar? Kva verktøy kan ein bruke på ulike steg i skrivinga, og kva tilbakemeldingar fungerer?
"Skriveboka. Innføring i skriveopplæring" er ei lærebok i skrivedidaktikk som no kjem i 2. utgåve. Boka inkluderer eit mangfald av tekstlege uttrykk, elevgrupper og klasseromsnære didaktiske grep. Alt er illustrert med talrike elevtekstar frå alle steg i grunnskulen. Den nye utgåva er revidert i samsvar med gjeldande læreplan og nyare skriveforsking. Boka inneheld også ein avsluttande lesarguide som kan brukast for å orientere seg i elevtekstarbeid og i skriveopplæring generelt.
Målgruppa for boka er lærarstudentar og lærarar som underviser i norsk i grunnskulen.
Kjersti Maria Rongen Breivega og Magnhild Selås er begge professorar i norsk og tilsette i lærarutdanninga.
Read more
Product details
ISBN
9788234013157
Published
2024-06-11
Edition
2. edition
Publisher
Vendor
Samlaget
Weight
635 gr
Height
240 mm
Width
169 mm
Thickness
22 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
303
Genre
Faglitteratur