I 1967 er tida omme for Gabriel Hallvardsson i Hauge. Kona hans, Clara, har sete trufast hos han dei siste dagane på sjukehuset i Bergen. Her i byen voks ho sjølv opp, i ein velsituert, barnerik familie i Fosswinckels gate. No skal kista med den avlidne tilbake til garden, før Gabriel skal i jorda, som fedrane før han. Ei ny tid byrjar for Clara. Eldstesonen Sigurd og den geskjeftige kona hans vil overta gamlehuset, medan Clara får flytta over tunet, til bestemorhuset. Her sit ho ved vindauget og let minna koma rullande: den håpefulle tida som telefonistinne i Gabriels bygd, dansen på ungdomshuset, forelskinga, giftarmålet. Dagane som ung, famlande mor, hustru til ein bonde som eigentleg er forfattar og som heller reiser på talarferd i kampen for det nye Noreg enn å dyrka jorda. Bymålet sitt legg ho innimellom vekk, av omsyn til Gabriel og nynorsksaka. Ho deltek i misjonen som framfor alt vil hindra livsførselen til dei reisande. Livet blir fylt av sjalusi, einsemdkjensle og draumar for kjærleiken, for dottera, for sønene som brått er vaksne då krigen kjem. "Mjølketid" er ein frittståande oppfølgjar til Det uferdige huset, som vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. I "Mjølketid" teiknar Vaage eit rikt portrett av ei kvinne, ei tid og eit liv slik det trer fram for henne som har levd det.
Read more
Product details
ISBN
9788249527106
Published
2023-09-08
Edition
1. edition
Publisher
Vendor
Oktober
Height
205 mm
Width
130 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Number of pages
313
Genre
Skjønnlitteratur
Purchasing programme
Kulturfond
Author