«– Vil du vere saman med han, Mone? Vil du? Hallo-o! Kom an, svar då! Før bussen køyrde inn på haldeplassen utanfor skulen, hadde eg gjeve opp. – Ja … Okei, då. Ein ørliten del av meg – eg ville aldri innrømt det der og då – lurte på om eg hadde fått min første kjærast. I matpausen samla det seg ein stor gjeng rundt meg. – Det var berre kødd! Trudde du verkeleg at han ville vere i lag med deg?!» Mone Celin Skrede er fødd med ei høgrehand som er mindre enn den venstre. Her deler ho forteljinga si om å vekse opp i ei lita vestlandsbygd utan å identifisere seg som «funksjonshemma». Mi høgre hand er ei bok som utfordrar og overraskar. Skrede skriv ope om korleis ho har navigert i livet sitt, og om korleis ho har funne styrke i å vere ein del av «rørsla». I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Våren 2025 kjem det fem nye titlar i serien. Bøkene gir eit unikt innblikk i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk.
Read more
Product details
ISBN
9788234014994
Published
2025-05-05
Publisher
Det Norske Samlaget; Samlaget
Weight
190 gr
Height
185 mm
Width
118 mm
Thickness
13 mm
Age
Voksen
Language
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Number of pages
157
Genre
Faglitteratur
Purchasing programme
K-fond: Yes
Author