Almanakk for Noreg har eksistert sidan 1644 og har i fleire hundre år vore umissande i norske heimar. Årets utgåve inneheld som vanleg kalendarium med merkedagar, oversikter over astronomiske og meteorologiske forhold, reglar om jakt, fangst og fiske, hundreårsminne, ei minneliste og oversiktskalender for dei næraste åra. Her finst òg plansjar over solhøgd i ei rekkje norske byar, planeten Jupiters månar, tabellar for oppgangs- og nedgangstider for planetane og dessutan ein figur som viser lysstyrken til planetane. Vidare inneheld Almanakken tabellar for Solas og Månens deklinasjon, i tillegg til at dette vert framstilt i form av figurar. Historikar og tidlegare professor Finn Olstad ved Noregs idrettshøgskule har skrive temaartikkelen for året: «Hundre år sidan vi viste verda vintervegen», om norsk deltaking ved dei første olympiske vinterleikane i Chamonix i 1924.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205591097
Publisert
2023-09-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
121 gr
Høyde
148 mm
Bredde
106 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
168