Fleirtalet på Stortinget har ikkje bruk for fyrfolk lenger, 350 år ette det første norske fyret. Nokre meiner det er feil. Andre synest det er greitt. I denne boka møter du fyrfolket, dei som hadde heimen sin på dei fjerne utpostane, passa lyktene, melde vêret og såg til at norskekysten vart ein tryggare stad å ferdast. Dei fortel om oppvekst og arbeid, naturkrefter og dramatikk, sjukdom og isolasjon, forelsking og draumar og om avfolking og forfall. Boka handlar også om menneske som tenkjer nytt for fyrstasjonane, og brukar kreativitet og krefter på å gjere dei gamle, kjære kystsymbola til reisemål og samlingspunkt. Boka er ei reise i tekst og bilete på 14 fyr på Vestlandet, frå Grip i nord til Obrestad i sør. Boka inneheld også fakta om alle dei 83 fyra som er eller har vore på Vestlandet. Heidi Eikremsvik Lindaas (f. 1958) er journalist, fødd på Sula på Sunnmøre og busett i Røyksund ved Haugesund. Dette er debuten hennar som forfattar. Thomas Bickhardt (f. 1963) er tysk psykolog, sjømann og fotograf, busett i Selje. Han budde i mange år på Kråkenes fyr, der han og kona Bettina har drive fyrkafé og overnattingsstad sidan 1994. Han var fotograf i besteljaren "Havlandet" (2001)unnmøre og busett i Røyksund i Rogaland.
Les mer
Ei skildring av 14 fyrstasjonar langs vestlandskysten, frå Obrestad fyr i sør, til Grip fyr i nord. Boka gir stemme til fyrfolket, som fortel om sine opplevingar frå fyrlivet, om sjukdom og isolasjon, naturkrefter og dramatikk, og om avfolking og forfall. I tillegg handlar boka om dei som tenkjer nytt og kreativt, og vil utvikle dei gamle fyra til å bli samlingspunkt og reisemål for turistar. Med oversikt over fyr på Vestlandet. Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788291722672
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
144

Illustratør